Kronikk:

Det må bli enkelt å hurtiglade!

Tæpping med mobil eller bankkort må på plass snarest, skriver Unni Berge fra Norsk elbilforening i denne kronikken.

Det må bli enkelt å hurtiglade!

For at det skal bli enkelt nok for alle med hurtiglading, bør styresmaktene påby at ein skal kunne betale ved å tæppe mobilen eller bankkortet ein har i lomma.

Elbilsalet når nye høgder, og kvar dag prøver nye folk elbil for første gong. Frå tilbakemeldingar frå ferske medlemmer i Elbilforeningen veit vi at medan elbilistane forelskar seg i bilen sin, så riv mange seg i håret når dei skal hurtiglade:

«Kvifor er alt så vanskeleg, kvifor er det sånn? Eg blir koko! Det kan da ikkje være lurt å gjere det så vanskeleg for folk», seier Tine som har vore elbilist i halvanna år.

«Det er irriterande å måtte bekrefte med bankID i 20 minus og kalde fingrar» seier ein som har køyrd elbil i over ti år.

FOR KOMPLISERT: Elbilforeningen og Unni Berge mener at myndighetene må påby ladeoperatørene å betaleved å tæppe med mobilen eller bankkortet. Fotomontasje Elbil24/Norsk elbilforening
FOR KOMPLISERT: Elbilforeningen og Unni Berge mener at myndighetene må påby ladeoperatørene å betaleved å tæppe med mobilen eller bankkortet. Fotomontasje Elbil24/Norsk elbilforening Vis mer

I år skal regjeringa legge fram ein ladestrategi. Strategien skal både sjå på korleis ein får til nok utbygging av ladeinfrastruktur, men også korleis lading kan bli meir forbrukarvenleg. Vegdirektoratet og Miljødirektoratet har no lagt fram faggrunnlaget til strategiarbeidet.

Fagekspertane til staten viser til vår store undersøking “Elbilisten 2021” med 15.000 respondentar, som viser at tre av fire elbilistar synes det er komplisert med så mange ladeoperatørar og appar. 71 prosent av elbilistane svarer at dei ønskjer å kunne betale med betalingskort direkte på ladaren.

Vi har formidla dette til ladebransjen i årevis. I Norge kan du betale med kort når du kjøper pølser eller låser dei inn på toalettet i Sofienbergparken, men ikkje når du hurtigladar.

I staden for å høyre på desse tilbakemeldingane, går enkelte ladeaktørar i staden til angrep på forbrukarane, og kallar dei gamaldagse som ønsker kortbetaling.

Ladebransjen har vore for opptekne av å eige kundane, og låse dei inne i sine respektive monopol gjennom appar og kundeforhold. Elbilforeningen meiner bransjen har fått nok sjansar til å rydde opp, og uttrykkeleg bevist at forbrukarvenleg lading krev politikk.

Norsk elbilforening ber difor om lovregulering: Det må stillast krav om at ein skal kunne betale med kort på hurtigladestasjonen.

Deler av bransjen kjem til å seie at dette betyr dyr lading. Det er tull. Det går an å finne rimelege løysingar, dersom lovreguleringa er god. Kortbetaling kan gjerast gjennom tæpping, utan pin-kode. Vi kan gjerne ha kortet på mobilen – men ikkje krev at vi skal inn i appar, og registrere kortnummer og privat informasjon der.

Kontaktlaus betaling ligger an til å bli et krav i EU-regelverket, og drøfter no å påby ettermontering på dei ladarane vi allereie har.

Det viktigaste no er å bygge rett på alle nye ladarar. Vi skjøner at dei 4000 ladarane som allereie er bygd, er en større jobb. Difor er eit hovudinnspel frå Elbilforeningen til den nye ladestrategien til regjeringa, å få på plass eit regelverk som sikrar kortbetaling via tæpping på alle nye ladestasjoner i Norge.

Ein del elbilistar har riktig nok allereie lært seg betalingssystema som bransjen bruker i dag, og lever fint med dei. Vi i Elbilforeningen har i fleire år gjeve ladebrikker til alle medlemmene våre, og no rullar vi ut ei ny ladebrikke gjennom Ladeklubben som er førehandsregistrert hjå ein rekke ladeoperatørar i Norge og Europa. Men også her har nokon ladeoperatørar stritta mot å bli med. Denne typen ordningar vil uansett kunne vere populære for mange i åra framover.

Lading skal vere enkelt for alle, fordi elbil skal bli for alle. Då må ein uansett ta på alvor dei av forbrukarane som ikkje syns dagens tilbod er enkelt nok. For kvifor skal være vanskelegare å kjøpe ein kilowatt-time lading enn å kjøpe ei pakke med dopapir på butikken eller avisa i kiosken?

Regjeringa må ta på alvor dei tusenvis av medlemmene som ringer oss og slit med å laste ned appar og få betalt – dei vil berre heim til påske.

Når dei seier det er vanskeleg å betale, er det dei som har rett – ikkje ladeoperatørane.

Flere kronikker på Elbil24

Vi bryr oss om ditt personvern

Elbil24 er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer

Velkommen til vårt kommentarfelt

Vi setter pris på kommentarer til artiklene på elbil24.no. Husk at mange vil lese det du skriver. Hold deg til temaet og vær saklig. Vi gjør oppmerksom på at alle innlegg kan bli redigert eller fjernet av redaksjonen.